Innleser: Therese Tungen, Kari Hesthamar
Kategori: Fakta og dokumentar, Biografier og memoarer
Serietittel: Edvin
Språk: Bokmål
ISBN: F201800000378
Nesten alle historiar handlar om korleis og kvifor livet endrar seg. Den tiande august 2020 er ein nydeleg sommardag med sol på himmelen. Edvin (6) og Idun (9) er på sommarferie hos besteforeldra sine i Gudbrandsdalen. Foreldra Therese og Bår er i Oslo og pussar opp leilegheita, slik at ungane for første gong skal få kvar sitt rom. Så skjer det noko som skal endre livet for alltid.
«Han skratta og song med tullestemme, han dansa og gjøgla. Han sprang til skolen åleine kvar morgon. Han nekta å kle seg pent og klippe håret. Han reiste gjennom magiske portalar med storesyster si. Han elska bøker. Han pusla rundt åleine i bakgarden og fann små og store skattar som han drog med inn. Han var i sitt rette element i naturen, og gjekk helst utafor stiane. Han vart alltid våt på beina, men brydde seg ikkje om det. Han spredde mykje glede. Han var høgt elska, av naboar, venner og slektningar. Han hadde ein fantastisk fin sommarferie.»
Dette er eit utdrag frå minneordet Therese Tungen og Bår Stenvik skreiv over son sin Edvin, som blei nesten sju år gammal. Journalist Kari Hesthamar har i over eit år fått fylgja den vesle familien på Sagene i Oslo, etter at dei blei ramma av det verste ein kan tenke seg – å miste eit barn.
«EDVIN» er ein lydserie i 5 delar. Dokumentarserien er produsert av Svarttrost for Aschehoug forlag.
Vis mer Vis mindre