Forfatter
Lars Petter Sveen
Lars Petter Sveen (født 1981) er tidlegare elev på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Er opphavleg frå Fræna i Møre og Romsdal. Han fekk Tarjei Vesaas' debutantstipend, Aschehougs debutantstipend og Sunnmørsprisen for debutboka «Køyre frå Fræna» (2008).
Da Jo Nesbø fekk Den norske leserprisen i 2008, ga han ekstraprisen på kr 50 000 - som skal gå til «ein lovande norsk forfattar» - til Sveen.
«Guds barn» (2014) var den tredje boka hans og eit litterært gjenombrot. Kritikkane var framifrå, og romanen er solgt til Danmark, Sverige, Frankrike, USA og Kina. For boka fekk han blant anna Sultprisen, Per O. Enquist pris 2016, Nynorsk litteraturpris 2014 og Jan Roar Leikvolls minnepris 2015 - romanen var nominert til Kritikarprisen for beste vaksenbok 2014, til Ungdommens kritikarpris, Natt & Dags Oslopris og P2-lyttaranes romanpris. Lars Petter Sveen har fått Mads Wiel Nygaards legat for sin forfattarskap, han ble tildelt Bokhandelens forfatterstipend 2014 og var blant dei ti fremste unge, norske forfattarane kåra av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival i 2015. «Fem stjerner» (2017) og "Fem skuggar" (2018) er forteljingar om fem unge menneske på flukt fra Somalia mot Europa og Norge.