Meny

Forfatter

Lars Ove Seljestad

Lars Ove Seljestad (født 1961) er ei av dei viktigaste røystene i norsk samtidslitteratur. Han brakdebuterte med romanen «Blind» (2005) som sette omgrepet «klassereise» på dagsorden i den norske offentligheita.

Sidan har dei skjønnlitterære verka gått heilt originale vegar, først med «Frægd» (2008) og så med «Fjorden» (2011). Den første av dei to skreiv inn ei saga- og rallarhistorie i ei forteljing om oppvekst på ein vestnorsk gard, den andre er ein sjølvgranskande far-son-tilhøvet-roman som handlar om at barnet er far til mannen. «Isberg» (2012) er ei samanveving av ei poetisk og fryktinngytande naturkrafts stemme og ein prosatekst om ein ung manns tap og fall. Boka var nominert til Ungdommens kritikerpris.

I 2013 debuterte Seljestad som lyrikar med «Storspring. Eit fabrikkdikt» som fikk lysande meldingar. Med «Kjære bror» (2014) var Seljestad tilbake i romansjangeren noko han også gjorde med «Ta hand om deg» (2017). «Snøen stryk ut alle spor» (2019) er den tredje romanen på rad som favnar djupt i tette familieband, i eit heilt uvanleg kjenslevart portrett av ein tolv år gamal gut og hans tilhøve til mor, far og lillebror.

Toppen

Kontakt oss:

Link to mailto:kontakt@fabel.no
E-post
Link to https://www.m.me/fabel.lydbok
Messenger
Link to https://www.facebook.com/fabel.lydbok
Link to https://www.instagram.com/fabel.no/
Link to https://www.tiktok.com/@fabel.no