Frode Grytten er fødd i Bergen i 1960 og vaks opp i Odda. Grytten debuterte med dikt i 1983, og har sidan skrive både romanar, noveller og barnebøker. Han mottok Brageprisen for Bikubesong i 1999 og blei for same bok nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Han blei tildelt Rivertonprisen for romanen "Flytande bjørn" i 2005, og for "Rom ved havet, rom i byen" fikk han Nynorsk litteraturprisog Melsomprisen. Han bur no i Bergen.
Foto av Frode Grytten: Helge Skodvin