Velkomen til forteljarfest med snert og smell! Til glede i heimen, på hytta, i bilen! Den første samlinga frå politikaren og kulturisten Hallgrim Berg, Når sevja stig. Saftige soger (2003) vart ein braksuksess og kom i fleire opplag. På denne CD-en, spelt inn i lystig lag, serverer Berg og hans vener - bl.a. Arne Moslåtten frå Hellbillies - historier med stor spennvidde, frå folkelege ”buskisar” til dei meir sofistikerte. Her er også sprelske sannsoger, der ein ellevill situasjonskomikk er gjennomført frå start til mål. Forfattaren lettar på sløret frå ufrivillige situasjonar som han og kollegaer frå politikken og samfunnslivet elles har hamna i.
Munnharpe: Hallgrim Berg og Bjørn Kvinnegard Studio: Hallibakken Lydproduksjn, 3540 Nesbyen Illustrasjon: Rune J. Andersson