Det er ein sprelsk og humoristisk artist og skodespelar vi møter i denne boka. Herborg Kråkevik har alltid vore glad i den gode forteljinga. Med glimt i auget og ein god porsjon forteljarglede inviterer ho lyttaren med på ei rundreise i livet. Her møter vi jenta frå Vestlandet som tidligdrøymde om å stå på scena, artisten som har opplevd det nådelase møtet med publikum som ikkej ler når dei skal; bokhandlaren i Jondal og mange andre fargerike personar. Her er romantiske, humoristiske og alvorlige forteljingar i ein spennande bukett. Denne lydboka er eit underhaldande, livfullt og personleg møte med Herborg Kråkevik, som både fortel og syng innimellom.