Når livet sklir ubønnhøyrleg ut, kva gjer ein då? Når kjærleiksmøtet går i vasken på grunn av ein mobiltelefon, eller den siste ultralyden ikkje viser teikn til liv? Når ein for siste gong i livet skal møte den ein har elska mest, eller når pappas tjuvlånte Jaguar møter villsvin nattestid.
Menneska i Eg vil at nokon skal vente på meg er skildra med varme og slåande realisme, og dei humoristiske og alvorlege historiene dyrkar fram ei intim interesse for alle dei som rotar livet sitt til.
Frå fransk ved Ragnar Hovland.
Frå bokmeldingar
«En glimrende oversettelse av en god bok»
Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende
«Underfundige historier med stort spenn og øm varme»
Geir Vestad, Hamar Arbeiderblad
«Det er fortellinger til forlystelse og fortellinger til ettertanke. Måten de er fortalt på, sitter som et skudd.»
Anne Cathrine Straume, NRK
Vis mer
Vis mindre