Det nye testamentet vart skrive i det første hundreåret etter Jesu fødsel. Det er grunnlaget for kristendommen og eit av dei berande verka i vår kultur. Det har sett spor etter seg i kunsten og i språket vårt, det har prega enkeltmenneske og samfunn.
Orda om Jesus i Det nye testamentet er evige ord. På same tid er dei ord til oss i dag. I spennet mellom det evige og det samtidige blir ei bibelomsetjing forma. Ho må stadig formast på nytt for å kunna tala til nye generasjonar.
Her er Det nye testamentet i ny, revidert omsetjing: nærare den greske teksten, nærare dei bibelske bileta, nærare det norske språket. Det blir formidla som levande ord gjennom stemmene til nokre av våre fremste skodespelarar.
Det nye testamentet - Revidert omsetjing 2005