Forfatter
Inger Johanne Sæterbakk
Inger Johanne Sæterbakk (1981) kjem frå Orkanger og bur i Oslo. Ho jobbar som språkkonsulent på Det Norske Teatret. «Rundt jorda og tilbake» er den andre romanen hennar for barn og ungdom. «1000 dagar» kom ut i 2017. Ho har også skrive romanen «Magnhild» (2013) i lag med Guri Idsø Viken.