Anderz Eide: - Bannar mykje når eg les feil - Fabel

Anderz Eide: – Bannar mykje når eg les feil

Ein lyd som uventa sneik seg med i eit lydbokopptak førte til at Anderz Eide blei ringt opp av Østlandssendingen. «Meget sjovt», meinte det danske forlaget.

Anderz Eide er lydbokinnleser og skodespelar, og har mellom anna lese inn lydbøkene til Nobelprisvinnar Jon Fosse
Det er ikkje alle lydbokinnlesarar forunt å få lese inn Nobelprisvinnarar. Anderz Eide får mykje skryt for si tolking av Jon Fosse på lydbok.

Kva er det raraste eller mest underhaldande du har opplevd i samband med en lydbok-innlesing?
Ein gong blei eg oppringt av Østlandssendingen som spurte om eg ville bli intervjua angåande ei bok eg hadde lese inn, Mørkets hjerte av Joseph Conrad. Eg blei veldig nysgjerrig på kvifor dei absolutt ville snakke om den boka? Jo, det var ein lyttar som meinte ho tydeleg kunne høyra at eg rapa(!) høgt etter ei setning og lurte på om det var meininga at det skulle være slik? Eg blei veldig paff og avslo intervjuet og tenkte at dette måtte være kødd.

Men ein månad seinare fekk eg ein mail frå det danske forlaget eg hadde lese inn boka for. Dei hadde også blitt kontakta og hadde sjekka. Og det viste seg jaggu meg at eg kvitterte setninga med eit skikkelig saftig rap. Dei syntes berre det var «meget sjovt» og lo godt av det. Rapet blei omsider redigert vekk. Så eg må berre unnskylda meg for dei stakkars lyttarane som måtte høyre denne upassende lyden.

Kva slags bøker synest du er aller mest interessant å lese inn?
Eg er veldig  bortskjemt og har fått lese veldig  enormt gode bøker. Eg trur det må være Jon Fosse, Ragnar Hovland, Marit Eikemo, Frode Grytten og Kjartan Fløgstad sine bøker eg likar aller best å lese inn. Då føler eg at eg er eit med boka og det berre flyt avgårde.

Har du nokon spesielle ritual, rutiner eller vaner når du er i studio for å lese lydbok?
Av ein eller anna merkeleg grunn held eg ofte den eine handa rundt halsen. Og så pleier eg å banne veldig mykje når eg les litt for mykje feil.

Har du ei bok du drøymer om å lese inn?
Det må vere den neste boka til Jon Fosse.

ANDERZ EIDE

  • Norsk skodespelar og lydbokinnlesar
  • Fødd i 1975
  • Er ein av Noregs aller mest brukte lydbokinnlesarar
  • Har mellom anna lese inn bøker Frode Grytten, Ragnar Hovland, Kjartan Fløgstad og Jon Fosse.

Visste du at…

Anderz Eide tidlegare jobba som lydbokprodusent, som er den som er ansvarleg for alt når ei lydbok blir lese inn. 

Første innlesar eg fekk ansvar for var Toralv Maurstad som las Kjell Aukrust. Eor ein luksus! Eg jobba dessutan med Trond Brænne, Kai Remlov, Ivar Nergård og Erik Hivju. Så då fekk jobbe med dei beste og plukke opp masse bra triks. Særleg då Trond Brænne las inn Veien av Cormac McCarthy, det var ei stor oppleving.

Anderz Eide

 

Vil du høyre lydbøkene Anderz Eide har lese inn? Som Fabel-abonnent lyttar du uavgrensa til lydbøker i Fabel-appen. 

Og du? Som ny kunde prøver du Fabel gratis og heilt uforpliktande. 

 Klikk her for å starte din prøveperiode!